Bokbåten Epos har sidan 1963 reist rundt på Vestlandet og representerer noko unikt i både norsk og internasjonal bibliotekhistorie. Dei tre fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har med støtte frå Nasjonalbiblioteket gått saman om ei felles jubileumsfeiring hausten 2013.


Sogn og Fjordane-turnéen startar 18. oktober

Bokbåten reiser rundt i Sogn og Fjordane frå 18. oktober til 3. november. Kristine Haugland står for framføringa av jubileumsframsyninga på Sogn og Fjordane-rundturen. Ho jobbar som forteljar, skodespelar og pedagog. Bokbåten kjem i år også til å leggje til kai på enkelte stadar som ikkje har hatt besøk av bokbåten på ei stund, men som tidlegare var faste bokbåtstopp i Sogn og Fjordane. Dette er også ein del av 50 års-markeringa.

Feiringa starta i Ålesund 5. september med ei særskilt markering for inviterte gjestar frå alle dei tre fylka og nasjonalbibliotekaren. Så starta jubileumsferda med Møre og Romsdal som første fylke i tida 6.-29. september, no står Sogn og Fjordane for tur, og til slutt vert det Hordaland sin tur frå 6. november og fram til 26. november.

 

Ei historie om leseformidling og leseglede
Epos si historie starta i Hordaland då han gjekk sin første tur hausten 1963, og i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hausten etter. Det er historie om mannskap og bibliotekarar om bord, om kontaktpersonane på land, og ikkje minst om dei 280 kunstnarane som har medverka til folkeopplysning og kultur- og litteraturformidling.

Gjennom konsertar, teaterførestillingar og kåseri har dei bidrege til eit imponerande mangfald av kulturytringar. Det er også ei historie om nedleggingsframlegg og om lokalt engasjement for å behalde bokbåten. Men aller viktigaste, det er ei historie om leseformidling og leseglede.

Det er med glede Fylkesbiblioteket sender Epos ut på jubileumsturen hausten 2013 – med eit tilbod som både har ein solid plass hjå folket på kysten – og som er like aktuell etter 50 år.

 


Sjå bokbåtruta med stoppestader og tider på nettsida til bokbåten

Følg bokbåten Epos på Facebook

Del dine opplevingar frå bokbåtjubileet på Instagram

Hugs å vise nettvett og be om lov før du deler bilder av andre. 

Sjå jubileumsbilete her og følg "BokbatenEpos" på Instagram.