Set av 16. og 17. april til eit opphald på Kviknes hotell der vi saman skal jobbe for å kome nærare moglege samarbeidsprosjekt i biblioteka. Vi har engasjert Eli-Grete Høyvik til å leie oss gjennom kreative og praktisk retta arbeidsøkter desse dagane.

I tillegg har vi invitert tre bibliotek som vil fortelje om sine samarbeidsprosjekt. Desse er Meland bibliotek om «På veg mot praksisfellesskap!», Lom folkebibliotek som er kåra til årets bibliotek for m.a. samarbeid med andre bibliotek, og Nord-Trøndelag fylkesbibliotek om «Litteraturhus Nord-Trøndelag» som er kåra til årets bibliotekprosjekt av Bok og bibliotek.

Gjennom å arrangere ei todagars-samling ønskjer vi å leggje grunnlaget for at biblioteka skal kunne kome i gong med samarbeid gjennom å:

  • Auke kompetansen innan samarbeidsdrive prosjektarbeid
  • Utveksle idear/få input på mulege samarbeid
  • Finne fram til felles målsetnader som biblioteka ønskjer strekkje seg etter

 

Seminaret vert gratis for alle deltakarar og fylkesbiblioteket vil også dekkje opphald og beverting for inntil to deltakarar per kommune. Biblioteka dekkjer sjølv reisekostnad og eventuelle kostnader ved vikarbehov.

Vi trur dette vert ei svært innhaldsrik og nyttig samling som forhåpentlegvis vil resultere i fleire konkrete samarbeidsprosjekt mellom biblioteka. Fylkesbiblioteket har som mål å følgje opp nokre utvalde samarbeid ekstra tett – meir om dette på samlinga!

Påmelding og detaljert program finn de her!

OBS! Det vert naturleg nok ikkje bibliotekdagar før til hausten.