Ein lesegledar er ein som med stort engasjement og iver formidlar bøker og spreier leselyst. Ei økt med ein lesegledar kan ha mange former og ulike tilhøyrarar, men er alltid karakterisert av entusiasme for det som vert formidla. Det kan dreie seg om ei rolig lesestund for ei gruppe, presentasjon av korte smakebitar for å vekke leselyst eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for målgruppa. 

Les meir i brosjyren: Bli ein lesegledar!


Kursa for lesegledarar vert på dag-/kveldstid, og vil ha følgjande tema:

12. februar: God start
Litteratur og lesing for dei minste. Sjå program

19. mars: Å lese sjølv
Fagprosa og forteljingar for barnetrinn og mellomtrinn

30. april: Ung leseglede
Ungdomslitteratur og dei første bøkene for vaksne

11. juni: Arbeidsseminar for lesegledarar
Demonstrasjon og drøfting av lesegledarrolla og ulike metodar i formidling av litteratur. Gjennomgang av honorar og godtgjersle for oppdrag som lesegledar m.m.

Innhald: Kvart kurs vil by på møte med forfattar, utstillingar og presentasjonar av dei nye, gode bøkene for den aktuelle målgruppa, og eit fagleg innlegg om føresetnader for utvikling av leselyst og leseglede hjå barnet i denne fasen av leseutviklinga. I Sogn og Fjordane har vi dessutan eit særskilt ansvar for å løfte fram den nynorske barne- og ungdomslitteraturen slik at barna får møte tekstar på sitt hovudmål.

Du er velkommen til å melde deg på eitt eller fleire av kursa, alt etter kva tema du har interesse for. Du bestemmer undervegs om du vil melde deg som lesegledar, og på det avsluttande seminaret drøftar vi korleis vi skal leggje opp arbeidet vidare.

Stad: Kursa vert lagde til fylkesbiblioteket sine lokale i Førde. Vi dekkjer reisa di til Førde, og kursa er gratis!

Målgruppe: Lærarar, førskulelærarar, bibliotekarar og andre som har glød og interesse for litteratur for barn og unge.

 

Vil du bli lesegledar? Eller kanskje kjenner du nokon som passar som lesegledar?

Skriv ut brosjyren nedom, og spreie ordet!

Meld deg på ved å sende e-post til oss!

Ta kontakt med Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret på tlf. 976 09 477 eller e-post janne.karin@nynorsksenteret.no eller Siv Hatlem ved fylkesbiblioteket på tlf. 57 63 79 52 eller e-post siv.hatlem@sfj.no ved spørsmål eller påmelding.