Transportordninga mellom biblioteka i Sogn og Fjordane starta i juni 2012. I dette samarbeidet er fylkesbiblioteket, høgskulebiblioteket og dei 26 folkebibliotek med. Biblioteka kan dermed på ein enkel måte få frakta bøker og anna materiale mellom seg, og dermed gi eit betre tilbod til lånarane sine.

Det er Norsk Bibliotektransport (NBT) som har oppdraget, og dei køyrer etter ei fast rute med besøk på biblioteka ein eller fleire gongar i veka.

Skjema for å melde avvik

Det fins eit skjema for å melde avvik, der ein melder inn eventuelle forseinka leveringar, transportsakadar o.l. - fint om de nyttar dette ved problem, så avvik blir registrert, og ein kan ev. sjå om det er spesielle område som må forbedrast. 

Kontakt i NBT

Jan Terje Slinning (områdesjef), 940 28 821
Kan kontaktast ved avvik, oppfølging / anna. Vil som oftest vere reserve for fast sjåfør. Registrer avvik/problem 

Anna kontaktinformasjon i NBT