Kvart år skal det hentast inn statistikk for folkebibliotek, skulebibliotek, fylkesbibliotek og mobil bibliotekteneste. Dette er heimla i Lov om folkebibliotek og forskrift om bibliotekstatistikk.

Kvart enkelt bibliotek skal rapportere inn statistikken på elektroniske skjema til Nasjonalbiblioteket, og biblioteka/skulane får tilsendt brukarnamn og passord frå Nasjonalbiblioteket. Kommunane/fylkeskommunen får tilsendt oversikt over brukarnamn og passord for "sine" skular, pluss eige brukarnamn/passord for registrering.

Innsamla og bearbeidd statistikk blir lagt ut på Nasjonalbiblioteket sine statistikksider. Fylkesbiblioteket bearbeider og legg ut tal og kommentarar for folkebibliotekstatistikken for fylket.

I menyen til venstre finn de tal og vurderingar av statistikken frå tidlegare år.