Det er tid for å levere statistikk for 2016. Nasjonalbiblioteket har sendt ut brev med brukarnamn og passord, så ein kan logge seg inn på registreringsskjemaet.

Fristane er:

  • Folkebibliotek: 19.4.2017
  • Grunnskule: 26.4.2017
  • Vidaregåande skule: 26.4.2017
  • Kommune: 16.5.2017
  • Fylkeskommune: 16.5.2017

Du finn brukarrettleiingar og anna informasjon på Nasjonalbibliotekets statistikksider.

Fylkesbiblioteket har fått kopi av brukarnamn og passord, så om du manglar dette kan du ta kontakt.
Kontaktperson på fylkesbiblioteket er Anja Angelskår Mjelde