Fylkesbiblioteket inviterer til oppfølgjing av samarbeidsmøtet 13. mars, der deltakarane peika på ei rekkje tiltak som det kan vere aktuelt å samarbeide om.

Biblioteksjefane tok med seg ideane til vidare diskusjon og planlegging, og det er no tid for ei ny samling der vi ser på moglegheita for å formalisere biblioteksamarbeidet i større grad.

I tillegg til dei bibliotektilsette ynskjer å ha med oss kommunalsjef med ansvar for kultur/kulturansvarleg i prosessen.

Agenda:

  • Arbeidsgruppene presenterer arbeidet sidan sist.
  • Eli-Grete Høyvik frå Interplan leiar prosessen vidare etter den såkalla LØFT-metoden: LØFT står for LØysingsFokusert tilnærming.