Det er med denne nettsida mykje enklare for brukarane å kunne finne informasjon og dei treng berre halde seg til ei biblioteknettside sidan portalen erstattar biblioteka sine eigne heimesider. Samstundes generar dette godt samarbeid for alle dei involverte biblioteka. Også bibliotekbussen og musikkbiblioteket er del av portalen.

Portalen er utvikla i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Akershus og er eit større prosjekt initiert av Samarbeidsrådet for Nedre Romerike.

Sidene er ikkje berre flotte designmessig, dei er svært brukarvennlege, oversiktlege og også delt opp i eigne barnesider. I tillegg presenterar dei mange bok-, film-, spel- og musikktips. Altså ein kjemperessurs for brukarane. Applaus for Bibliotekrom!

Er dette noko vi i Sogn og Fjordane kunne få til? Det er jo ein del slitne nettsider der ute, og kanskje det er lettare å gå i gang med ei omlegging om vi er fleire om oppgåva? Nokre innspel?