Som del av bibliotekleiarkurset inviterer vi rådmenn/kultur-/oppvekstansvarlege og biblioteksjefane til ei samling om bibliotekets rolle i lokalsamfunnet og kommuneorganisasjonen 26. november kl. 11.00-15.30.

Samlinga for biblioteksjefane fortset kl. 16.00-17.30 og vidare neste dag.

Meld deg på!

Tysdag 26. november

  Oppmøte på Gloppen folkebibliotek i Trivselshagen
11.00 Velkomen til Gloppen folkebibliotek
presentasjon og omvisning ved biblioteksjef Torill Berge
11.20 Kultur- og oppvekstsjefar om sine ambisjonar for folkebiblioteket: Kva rolle kan biblioteket spele i min kommune?
- Oppvekstsjef Kristen Holt, Askvoll kommune
- Kultursjef Anita Nordheim, Høyanger kommune
- Kultursjef Ingeborg Opdøl Tysnes, Fjaler kommune
11.50 Vi går til Gloppen hotell
12.00 Lunsj
13.00-15.30 TEMA: BIBLIOTEKET I LOKALSAMFUNNET – KVALITETSUTVIKLING
13.00 Biblioteket i lokal samfunnsutvikling
ved Elin Golten, doktogradsstipendiat ved OsloMet og seniorrådgjevar ved Hordaland fylkesbibliotek.
Golten undersøkjer korleis det digitale samfunnet utfordrar folkebiblioteka, og korleis folkebiblioteka møter sitt nye samfunnsoppdrag som uavhengig møtestad og arena for samtale og debatt.
13.45 Meirope bibliotek – tilgjengeleg heile dagen, året rundt
ved Elin Golten
14.00 Korleis definerer vi kvalitet i bibliotek, og kva skal kommunen prioritere?
Innleiing ved fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen
14.20 Gruppediskusjon med utgangspunkt i forslag til kvalitetskriterium for bibliotek
15.10 Oppsummering i plenum med framlegg til satsingsområde i kommunane
15.30 Pause med litt å bite i
16.00 Korleis synleggjer vi biblioteka i ei kompleks medierøynd? Omdømmebygging og kommunikasjon
ved Cathrine Ekehaug, kommunikasjonssjef i Norsk senter for utvekslingssamarbeid (NOREC)
17:30 Slutt for dagen
19.00 Middag

Onsdag 27. november

  Frukost, utsjekking
08.30 Kva kjenneteiknar ei god politisk sak?
ved Bjarte Gangeskar, avdelingsleiar barnevern i kommunane Eid og Selje og kommunestyrerepresentant for Venstre i Gloppen kommune
09.30 Saker frå biblioteksjefane
Gjennomgang og samtale
11.00 Arkivering og journalføring. Biblioteksjefens ansvar for arkiv og for å gjere informasjon offentleg tilgjengeleg
ved fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl
11.30 Lunsj
12.15 Biblioteket – ein trygg møteplass? Korleis handtere konfliktar og uønskt åtferd frå brukarane i biblioteket
ved Cecilie Røe og One Marthe Vik, bibliotekrådgivarar ved Møre og Romsdal fylkesbibliotek
13.45 Pause
14.00 Biblioteksjefen mellom styringsrett og lojalitetsplikt
ved Elin Holvik, advokat og rådgjevar ved Helse Førde, HR-avdelinga
15.15 Slutt

(Med atterhald om endringar)

Meld deg på!