Velkomen til Bibliotekdagane 2019! I år vil vi ha fokus på bibliotekrommet, og vi vil få høyre erfaringar frå både Hordaland og Buskerud. Korleis har utforminga av rommet betydning for bruk av biblioteket? Mange fekk arenamidlar for å jobbe fram scener i biblioteka og for å kjøpe inn teknisk utstyr, korleis har dette fungert? Vi vil også få høyre erfaringar frå fleire av folkebiblioteka hjå oss som vil fortelje om prosessen med å utvikle bibliotekrommet hjå seg. På kveldstid får vi møte forfattar Brynjulf Jung Tjønn, og torsdagen startar vi i Naustdal og kikkar innom biblioteket som flytta inn i nytt bygg i 2017.

Merk at i år er første bolk på onsdagen del av leiarkurset for biblioteksjefane. Frå litt over to går vi i gang med programmet som er for alle.



Programmet (førebels):
 
Onsdag 25.9.
Leiarkurs del 2, Scandic Sunnfjord Hotel
10.00    Registrering
10.15    Velkomen og presentasjonsrunde
10.30    Bibliotek på agendaen – sakshandsaming i praksis, døme frå Karmøy kommune v/Hanne Mulelid, biblioteksjef
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.45 Bibliotek på agendaen – sakshandsaming i praksis, døme frå Sarpsborg kommune v/Anette Kure, biblioteksjef
13.45-14.00 Vegen vidare – arbeidet fram mot neste leiarsamling v/fylkesbiblioteket
Ope for alle:
14.15-15.45 Biblioteksjefens ansvarsområde, presentasjon og diskusjon ved Jannicke Røgler, leiar i Bibliotekarforbundet
16.00-17.00 Fylkesbiblioteket orienterer
 
18.30 Felles middag
19.30 Forfattarmøte – Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Astrid Sundset Moe
 
Torsdag 26.9.

08-08.30   Køyring til Naustdal
08.50   Registrering
09.00   Besøk og omvising på Naustdal bibliotek 
09.30   Formidling mellom hyllene
09.45   Samtale om bibliotekets plass i skulen og lokalsamfunnet, leia av fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen
10.15   Modellbibliotek-prosjektet og erfaringar med meir-ope-bibliotek i Hordaland v/fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt og seniorrådgjevar Sigrid Furnes frå Hordaland fylkesbibliotek
ca. 11.00 Retur til Førde, Scandic Hotel Sunnfjord
11.30  Lunsj på hotellet
12.30 Folkebiblioteka deler erfaringar
13.00  Pause
13.15  Utvikling av bibliotekrom i Buskerud v/konsulent Beate Ranheim frå Buskerud fylkesbibliotek
14.00  Pause
14.15  Workshop om bibliotekrommet
Ca. 15.30 Slutt
 
Endeleg program og påmeldingsinformasjon kjem i august.