Sjå programmet og meld deg på Bibliotekdagane her. 

Korleis har utforminga av rommet betydning for bruk av biblioteket? Både Hordaland og Buskerud kjem og deler sine erfaringar. Vi vil også få høyre om spennande satsingar hjå fleire av folkebiblioteka våre. Mange fekk arenamidlar for å jobbe fram scener i biblioteka og for å kjøpe inn teknisk utstyr, korleis har dette fungert? 

På kveldstid får vi møte forfattar Brynjulf Jung Tjønn, og torsdagen startar vi i Naustdal og kikkar innom biblioteket som flytta inn i nytt bygg i 2017.

Merk at i år er første bolk på onsdagen del av leiarkurset for biblioteksjefane. Frå litt over to går vi i gang med programmet som er for alle. Vel møtt!

Meld deg på Bibliotekdagane her. Frist 10. september. 
 

 

Programmet

Onsdag 25.9

Leiarkurs del 2, Scandic Sunnfjord Hotel
10.00 Registrering
10.15 Velkomen og presentasjonsrunde
10.30-11.45 Bibliotek på agendaen - sakshandsaming i praksis, døme frå Karmøy kommune v/Hanne Mulelid, biblioteksjef
11.45-12.30  Lunsj
12.30-13.45 Bibliotek på agendaen - sakshandsaming i praksis, døme frå Sarpsborg kommune v/Anette Kure, biblioteksjef
13.45-14.00 Vegen vidare - arbeidet fram mot neste leiarsamling v/fylkesbiblioteket
14.00-14.15 Pause
Ope for alle:                               
14.15-15.45 Biblioteksjefens ansvarsområde, presentasjon og diskusjon v/Jannicke Røgler, leiar i Bibliotekarforbundet
16.00-17.00 Fylkesbiblioteket orienterer
 

Fagleg program slutt for dagen. Pause fram til kveldens middag.

Tid for avslapping, f.eks. i hotellet si spa-avdeling.

19.00 Felles middag
20.00 Forfattarmøte i Larris bar: Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Astrid Sundset Moe ved fylkesbiblioteket
   

Torsdag 26.9         

"Bibliotekrommet"
08.00-08.30 Køyring til Naustdal
08.50 Registrering
09.00 Besøk og omvising på Naustdal bibliotek v/Britt Kringlen
09.30-10.15 Modellbibliotekprosjektet og erfaringar med meir-ope-bibliotek i Hordaland v/fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt og seniorrådgjevar Sigrid Furnes frå Hordaland fylkesbibliotek
10.15-11.00 Samtale om biblioteket sin plass i skulen og lokalsamfunnet, leia av fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen
   
ca. 11.00 Retur til Førde, Scandic Sunnfjord Hotel
11.30-12.30 Lunsj på hotellet
   
12.30-13.00 Folkebiblioteka deler erfaringar
13.00-13.15 Pause
13.15-14.00

Buskerudgeriljaen rir igjen. Biblioteutvikling kvifor og korleis​ v/konsulent Beate Ranheim frå Buskerud fylkesbibliotek

14.00-14.15 Pause
14.15 Workshop i bibliotekutvikling og utforming av bibliotekrommet, leia av Beate Ranheim
ca. 15.30 Slutt


Meld deg på Bibliotekdagane. Frist 10. september