Bibliotekdagane 2018 blir lagt til Thon Hotel Jølster. Årets tema er kvalitet og synleggjering. 

Som del av programmet tek vi turen til dagsturhytta Fjellro på Jellasva, ein 40-minutts gåtur med start frå hotellet, som gjev flott utsikt over Jølstravatnet.
​Nærare info kjem når det nærmar seg. 

Vel møtt til to innhaldsrike dagar med fagleg og sosialt påfyll! 

Meld deg på - gå til påmeldingsskjema

Med atterahald om endringar, her er årets program:

Program 

Onsdag 26. september 

09.30  Velkomen
09.35  Fylkesbiblioteket orienterer
10.15  Pause
10.30  Folkebiblioteka orienterer
11.15  Lunsj
12.00  Folkebibliotek og kvalitetar i litteraturen, v/ Knut Oterholm, universitetslektor ved OsloMet 
12.45  Pause 
13.00  Om arrangørrolla
13.45  Pause med førebuing til felles tur
​14.15  Tur til dagsturhytta m/program og matbit
​Fri frå ca. 17.30

20.00  Middag med litterære og musikalske smakebitar v/litteraturformidlar Janne Karin Støylen og distriktsmusikar Jon Kristian Bye

Torsdag 27. september

09.00   Bibliotek i by og bygd v/Mariann Schjeide, leiar Norsk bibliotekforening
10.00   Pause m/utsjekk
10.20   Kva er kvalitet i biblioteket? v/Siri Ingvaldsen
10.45  Gruppediskusjonar
​11.30  Plenumdiskusjon og oppsummering
12.00  Lunsj
​13.00  Modellbibliotek v/Sigrid Furnes, seniorrådgjevar ved Hordaland fylkesbibliotek
13.45   Pause
14.00   Til krig mot teip, laminering og Comic sans v/Håvard Legreid, Bergen Offentlige Bibliotek
​15.00  Evaluering og avslutting
15.15  Slutt - takk for denne gong og vel heim!


Prisar

  • Fullpensjon i enkeltrom, inkl. lunsj begge dagar og middag onsdag: kr. 2500
  • Dagpakke onsdag, inkl. lunsj, pausemat: kr. 800
  • Dagpakke torsdag, inkl. lunsj, pausemat: kr. 800
  • Middag onsdag (for ikkje-buande), inkl. kulturinnslag: kr. 550

Meld deg på - gå til påmeldingsskjema