I år blir bibliotekdagane arrangert i Loen og Stryn, der vi startar på Hotel Alexandra i Loen, og flyttar oss til Stryn hotel dagen etter.

Vi vil fokusere spesielt på barnebiblioteket; barn er storbrukarar og ivrige lesarar - korleis viser dette att i satsing på barn i biblioteket? 

Veldig mange bibliotek arrangerer språkkaféar, og vi vil få høyre om korleis dei arbeider med dette og anna inkluderingsarbeid i Bergen.

Det blir også sett av tid til erfaring- og informasjonsutveksling mellom biblioteka.

Påmeldingsskjema

Program

Onsdag 20. september 

11.45  Lunsj på Hotel Alexandra i Loen
12.30  Velkomen, ved fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen
12.35  Fylkesbiblioteket orienterer
          - PressReader
          - Dagsturhytter
          - Folkebibliotekstatistikken        
13.15  Pause
13.30  Rom for barn: Norske barnebibliotek i perioden 1914-35 og på 2000-talet, v/ Åse Kristine Tveit, førsteamanuensis, HiOA
14.30  Pause
14.45  Barneavdelinga som møteplass. Om barn sitt møte med litteratur og bibliotek (manus), v/ Mette Westgaard, biblioteksjef i Ringsaker
15.45  Pause med noko å bite i
16.00  Orienteringar/presentasjonar frå folkebiblioteka og fagleg samtale 
17.00  Fagleg program slutt for dagen

Mellom programslutt og middag er det lagt inn tid til ein tur med Loen skylift for dei som ynskjer det. Avgang minimum kvar halvtime, kr 485 tur/retur

19.30    Middag (buffé)
              Kulturinnslag m/ Katrine Sele: Jølster hotell - historier frå eit asylmottak

Torsdag 21. september


08.30   Vi køyrer frå Loen til Stryn
09.00   Besøk og omvising på Stryn bibliotek
10.00   Gå til Stryn hotel
10.30   Prosjektet «Nord-Trøndelag leser» - erfaringar og vidare arbeid, v/Morten Olsen Haugen, rådgjevar, Nord-Trøndelag fylkesbibliotek
11.30   Lunsj på Stryn hotel
12.15   Arenautvikling - midlar, tiltak og erfaringar. Erfaringsdeling
12.50   Pause
13.00   Arbeid med språkkaféar og anna inkluderingsarbeid, v/ Anne Berit Helland, Spesialbibliotekar Flerspråklige tjenester, Bergen offentlige bibliotek
13.45   Pause
14.00   Formidling til folket- tanker, erfaringer, lure tips og grove tabber v/ Ragnhild Malfang, biblioteksjef i Sørum og leiar i Ibby Norge
15.00   Avslutning - takk for denne gong og vel heim!


Prisar

  • Fullpensjon i enkeltrom, inkl. lunsj begge dagar og middag onsdag: kr. 2500
  • Dagpakke onsdag, inkl. lunsj, pausemat osv: kr. 800
  • Dagpakke torsdag, inkl. lunsj, pausemat osv: kr. 800
  • Middag onsdag (for ikkje-buande): kr. 550

Påmeldingsskjema