Det blir eit variert program:

Av det som er klart så langt, kan vi nemne at Patrick Kermit, NTNU, kjem og fortel om biblioteket som integreringsarena med utgangspunkt i prosjektet «Prat – les – klikk». Han har følgt dette prosjektet som forskar. Nokre av folkebiblioteka i fylket vårt vil dele røynsler frå tiltak i biblioteket knytt opp imot innvandrarar.

Monica Helvig, nytilsett prosjektleiar for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket, orienterer om kva biblioteka bør vere merksame på når dei utviklar idear og søkjer om prosjektstøtte.

Mette Rysjedal, tidlegare kollega frå fylket og no biblioteksjef på Nesodden, har skrive masteroppgåve ved Høgskolen i Oslo og Akershus om den planlagde kommunereforma og konsekvensar for biblioteka. Ho kjem og snakkar om funna frå arbeidet med oppgåva.

Ein annan kjend person, Petter von Krogh, er prosjektleiar for «Webløft», ei nysatsing når det gjeld å utvikle nettløysingar/heimesider for folkebibliotek. Han informerer om kva dette går ut på.

Både Sogndal bibliotek og biblioteket ved Høgskolen i Sogn og Fjordane vil ta imot oss for omvising.

Arrangementet vil elles innehalde faste postar der fylkesbiblioteket orienterer om prosjekt, aktivitetar og tiltak, og vi vil oppmode folkebiblioteka å dele informasjon om tiltak og arrangement.

Konferansestad er Quality Hotel Sogndal.

Fleire opplysningar om programmet og påmeldingsinformasjon kjem rett over sommaren.