I solskin og i nydelege omgjevnader tilbrakte bibliotektilsette to flotte dagar ved Tørvis hotell, der vi blant anna fekk møte stabsdirektøren ved Nasjonalbiblioteket, Svein Arne Tinnesand og Bjarte Bakken frå Foreningen !Les. Sjå programmet her.

Her er nokre av innlegga frå Bibliotekdagane:

Ruth Ørnholt, fylkesbiblioteksjef i Hordaland med foredrag om Bibliotek på saklista - om å bli høyrt i kommunale prosessar.

Astrid Drevland, biblioteksjef ved Bømlo bibliotek fortalde om Biblioteksamarbeid i Sunnhordland.

Anja Angelskår Mjelde, konst. fylkesbiblioteksjef, presenterte "Saman for framtida", eit fleirårig prosjekt som fylkesbiblioteket set i gong i haust. Les om prosjektet Saman for framtida.

Siv M. Hatlem ved fylkesbiblioteket, presenterte resultat frå Kompetansekartlegginga.

Bilete frå arrangementet er lagt på Facebook.

 

Mange takk for fine dagar i Luster med mange inspirerande foredrag og samtaler! Vi håpar vi ser att alle på neste års bibliotekdagar, og endå fleire!