I år tek vi turen til Eid, og Nordfjord hotell er klare til å ta i mot oss. Vi ser fram til eit spennande program, her er kva vi kan by på:

Onsdag 8. juni

11.00-12.00 Registrering
12.00-13.00 Lunsj
13.00          Velkommen
13.05-15.00 Å skrive bokomtalar på nett v/Guri Fjeldberg. Fjeldberg er utdanna journalist og har mastergrad i barnelitteratur. Ho har vore føredragshaldar på IBBY-turneen, og skriv fast bokmeldingar for Bergens Tidende
15.00-15.15 Kaffipause
15.15-16.00 Leseåret i Sogn og Fjordane v/Jorun Systad, Høyanger bibliotek og Sidsel Kinserdal, Sogndal bibliotek. Jorun og Sidsel fortel om kva biblioteka har gjort i samband med leseåret, og Sidsel presenterer også Sogndal bibliotek sitt prosjekt 'Frå fjord til fjell'
16.00-16.30 Pause m/frukt og kake
16.30-17.00 Ungles - om leseprosjekt for 8. klassingar i Førde v/Førde bibliotek
17.00-18.30 Fri
18.30-19.30 Omvisning bibliotek og kulturhus, minikonsert v/kulturskulen
20.00          Middag og quiz

Torsdag 9. juni

09.00-09.45 Fylkesbiblioteket orienterer
10.00-10.45 Nasjonalbibliotekets kulturformidling på nett  OBS! Avlyst
10.45-11.15 Pause med frukt. Utsjekk frå hotellet
11.15-12.00 Skulebiblioteket i undervisninga v/Kari Heier Nistad, Dingemoen skule
12.00-13.00 Lunsj
13.00-14.00 Å spele på lag med ungdom. Lene Hovi om ungdsomssatsinga 'Popkult' ved Drammensbiblioteket
14.00-14.15 Kort pause
14.15-15.00 Er e-lån framtida? Lene Hovi om e-boksatsinga i Buskerud. Eventuelle spørsmål
15.00           Slutt