Formidling av poesi og andre tekstar, likestilling av ulike medium i  barnebibliotek, jakta på ikkje-brukarane. Dette og meir til kan du lære om på seminaret For døve øyre. Hovudmålgruppe er tilsette i folkebibliotek, men seminaret er ope for alle – og det er mogleg å delta på enkeltforedrag. Seminarprogrammet er gratis, og ein betalar berre for måltid og overnatting.
 
PROGRAM
Torsdag 18. september
14.00-15.00 Lunsj og registrering.
15.00-15.10 Velkomen
15.10-15.50  På ørnetuva - dikt og diktsamling i høve til Hauges samla forfattarskap, ved Hans H. Skei, litteraturvitar og professor ved Universitetet i Oslo. 
16.05-16.45 Bokauksjonar. Kven kjøpte bøker, og kva kjøpte dei, ved Lis Byberg, lektor ved Høgskolen i Oslo. Leverte i 2007 doktorgradsoppgåva Brukte bøker til bymann og bonde. Bokauksjonen i norsk litterær offentlighet 1750-1815.
17.00-18.00  Opninga av utstilling til boka Når tussalusi kviskrar. Vising ved Inger Lise Belsvik som har laga bilete til Olav H. Hauge-dikt. Belsvik har illustrert fleire biletbøker og diktsamlingar for barn. Besøk på folkebiblioteket med forfriskingar.  
19.00 Middag  
21.00  Hei Hauge. Ein dialog med Olav H. Hauge i eit ope tekstleg og musikalsk landskap.
Urframsyning på utescena - Kvemmadokkje husmannsplass, med Tore Brunborg, Thomas Strønen og Juni Dahr. Pris kr. 350.- NB! Programmet er ute, ta med varme klede.

Fredag 19. september
09.00-09.40  Formidling i bokbuss og som forfattar, ved Linn T. Sunne, formidlar ved bokbussen til Oppland fylkesbibliotek og forfattar av fleire barne- og ungdomsbøker.
10.00-11.00  Bibliotek med gode historier i fleire medium. Visjonar og tankar rundt etableringa av nytt barnebibliotek, ved Tina Bang Andersen, utviklingssjef og tidlegare leiar for barnebibliotek ved Aalborg-biblioteka.
11.15-12.00  Litteratur på nett og poesiformidling, ved Karen Marie Loge, leiar for avdeling Galleri, og Cathrine Strøm, litteraturformidlar. Begge er tilsette ved Bergen offentlige bibliotek.   
12.00-13.00 Lunsj
13.00-13.10  Litterært innslag  
13.10- 13.50 Jakta på ikkje-brukarane. Erfaringar frå Stavanger bibliotek, ved Roar Houen, leiar for eit prosjekt som finn nye vegar til potensielle bibliotekbrukarar. 
14.05-14.45 Rap som kultur og litteratur. Artisten Lars er norskspråkleg rappar frå Bergen. Lars Vaular er snart aktuell med ny plate og har tidlegare vore med i duoen Tiern'n & Lars og gruppa Freakshow. 

Arrangørar:
Ulvik folkeboksamling, Hordaland fylkesbibliotek, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Ulvik poesifestival.