Bibliotekdagane blir i år halde i Førde, 15.-16. september på Rica Sunnfjord Hotel.

Tema i år er variert; frå verdsetting av folkebiblioteka og utfordringar for skulebiblioteka til  litteraturformidling. Vi har også lagt inn eit besøk på det nye høgskulebiblioteket.

Håpar at mange synes  programmet er  interessant og tek turen til Førde i september. Vi ser fram til vårt årlege bibliotektreff og ønskjer alle vel møtt!

Program og påmeldingsskjema finn du under.  
Påmeldingsfrist er 25. august.
 

Torsdag 15. september
10.00 Kaffi/te og rundtykke
10.15 Velkommen v/ fylkesbiblioteksjef Solveig Bjordal
Vi priser biblioteket  v/ førsteamanuensis Svanhild Aabø
Foredraget tar utgangspunkt i doktoravhandlinga til Svanhild Aabø, der ho nyttar den økonomiske metoden ”betinget verdsetting” for å vurdere kva for ein verdi folkebibliotek har hos folk flest. Omtale av avhandlinga i Aftenposten
Diskusjon
12.30 Lunsj
13.30 Kultur for læring v/bibliotekleiar Siri Ingvaldsen
Foredraget tar utgangspunkt i den nye lærarplanen med reforma ”Kunnskapsløftet”. Reforma stiller skulebiblioteka og folkebiblioteka overfor nye, store utfordringar.
14.00

Samrådsmøte
Fylkesbiblioteket vil informere nærare om  prosjekta ”Nettbasert kulturformidling” og det nye Kulturnettet. Elles vil vi ta opp nettverksamarbeid i regionane. Vi oppmoder biblioteka til å tenke på om dei har noko å melde

16.00         

Strategidebatt
NBF Sogn og Fjordane inviterer til debatt om kva utvikling me ønskjer for Norsk bibliotekforening i framtida. Dette skjer med utgangspunkt i eit debatthefte utarbeidd av NBF sentralt. Alle møtedeltakarar vil få tilsendt debattheftet i forkant av møtet, og det vil bli ei kort innleiing til debatt. Organisasjonen ønskjer seg innspel og idear for heile organisasjonen, men her vil me nok vektleggje å debattere lokallaget sin funksjon og utfordringar. Tilbakemeldingar frå møtelyden vert så tekne med i det vidare strategiarbeidet for NBF. Her inviterer me alle til å stille med opent sinn og tenke nytt! Me skal syte for frukt og forfriskande drikke!

17.30 (ca) Slutt
19.30 Middag

 

Fredag 16. september
08.30 Årsmøte NBF
10.00 Besøk på det nye høgskulebiblioteket på Vie
11.30

Bokprat 
Litteraturformidlingsteknikk v/ bokpratarane i fylket

12.15 Lunsj
13.15 Nynorsk litteratur for ungdom 
v/ Janne Karin Støylen frå Ivar Aasen-tunet
14.30 Slutt