Fleire dagsturhytter har hatt opningsarrangement, og vi har vore så heldige å få vere til stades på nokre av dei. Her har mange av biblioteka hatt ei rolle, med innviing av det nynorske turbiblioteket og lesestund. Vetenhytta i Bremanger skal ha offisiell opning under Vetenløpet 13. juli, og dei andre dagsturhyttene som nyleg er kome på plass har planlagt opningar i september.

Det er veldig kjekt å sjå engasjementet kommunane og innbyggjarane har til dagsturhyttene, det er stor dugnadsand rundt om for å ferdigstille og gjere området fint og publikumsvenleg, og ikkje minst for å få til opningsmarkeringar. Stor takk til alle som har bidrege! Vi høyrer også mykje positivt om dei fine bøkene i det nynorske turbiblioteket. Har de forresten fått med dykk dagsturhyttejakta?
 
Arrangementsrekkene vi fekk støtte til å gjennomføre rullar og går, og det vert mykje aktivitet i haustsemesteret.
 
Forteljestunda om Gilgamesh - kongen som nekta å døy med Rolf Losnegård har vorte vist fram fleire stader, dei førre var på dagsturhyttene i Stryn og Selje, og neste ut er Askvoll. forteljestund om Gilgamesh på dagsturhytta i Selje

Tilbakemeldingane er positive, publikum let vel, både blant nyleg busette og kommunens innbyggjarar generelt. 30 personar trekte inn i dagsturhytta i Stryn grunna plagsamt mykje knott, gråver og regnbyger. Med det kan vi slå fast at hytta er stor nok berre ein kan sitje tett! Biblioteket i Selje marknadsførte arrangementet godt og fekk oppslag i Fjordenes Tidende. Her var veret litt betre, og folk kosa seg med forteljestund med ein engasjert Losnegård.
 
Ungdomsturneane er no lagt og kjem til å gå i haust i Nordfjord og Sogn. Det blir ei vekes turné med forfattar Peder Samdal og framsyninga «Klar til kamp!» i fire kommunar i Nordfjord i veke 40. I veke 37 og 38 får fem kommunar i Sogn besøk av forfattar Anders Totland. Her har vi samarbeidd med DKS og utvikla det som ein eigen skulesekk-produksjon med tittelen «Kunsten å nesten bli vegetarianar». Turneen vil kunne gå vidare til andre regionar i 2020 om vi ønskjer det.
 
Den planlagde barnehageturnéen er så vidt kome i gong. Gloppen vart først ut og førskulebarna ved Breim barnehage fekk ei flott oppleving på Draumekvila. Hovudkonklusjonen frå både barnehagen og biblioteket var at dette var eit veldig kjekt opplegg, og biblioteket planlegg å gi same tilbod til alle barnehagane i kommunen til hausten.
 
Heile 20 deltakarar har utvikla sitt eige formidlingsopplegg med utgangspunkt i sakprosa og aktivitetar som inviterer barna til undring, utforsking og medskaping med naturen som ramme. Dei fleste har planlagt dagsturhyttebesøk til hausten og har sendt ut invitasjon til barnehagar om tur og litteratur på dagsturhytta. For å førebu barnehageturneen på dagsturhytter hadde vi to flotte kursdagar, ein i februar og ein i april. Nynorsksenteret var til stades og laga ei fin sak frå eine kursdagen.
 
Etter sommarferien vert det altså mykje formidling på dagsturhyttene, og vi vil takke alle som står på for å gi gode opplevingar til mange ulike grupper.
God sommar!