Føremålet med ordninga er å bidra til eigna lokale som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Midlane kan brukast til nybygg, ombygging og modernisering, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Fylkeskommunen forvaltar ordninga som er finansiert av overskot frå statlege spel (spelemidlar).

Les meir i retningslinjene som ligg til grunn for tildelinga.

Frist for å søke tilskot frå fylkeskommunen er 30. april 2015.

Søknadar om tilskot skal sendast via kommunen og gjennom elektronisk søknadsskjema på www.idrettsanlegg.no.

Har du spørsmål, ta kontakt med Guro Høyvik som er rådgjevar ved kulturavdelinga på tlf. 415 30 608 eller e-post guro.hoyvik@sfj.no