Tilskotet skal bidra til eigna lokale, bygningar og areaner som gjev rom for ulik kulturell verksemd, og tilskot kan til dømes gjevast til kulturhus som bibliotek. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygningar, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Ordninga er finansiert av overskot frå statlege spel (spelemidlar) og vert vedteke ved kongeleg resolusjon, fordelt av Kulturdepartementet og forvalta av fylkeskommunen. 

Retningslinene for tilskotet er no ute på høyring med frist 30. april 2013, les utkastet til nye retningslinjer her. Men det er allereie lurt å byrje planleggje ein eventuell søknad!

For meir informasjon, gå inn på fylkeskommunen sine heimesider.