Sogndal bibliotek har gjort ein flott innsats og opna filial i fire barnehagar. Pressa har dekka saka, og ein kan lese litt om filialane på nettsidene deira.

At Jølster bibliotek også har fått filialar i barnehagar er kanskje ikkje like kjent. Nyleg var eg i kontakt med Grete i Jølster og fekk høyre om jobben ho gjer i forhold til barnehagane.

Ho har altså opna filial i tre barnehagar, er veldig nøgd med resultata og har stor glede av å jobbe med dette. Ungane og foreldra låner mykje bøker. Biblioteket har klart dette utan å få ekstra midlar til tiltaket. Grete bruker av det ho har av biletbøker. Ho har også prioritert innkjøp av nye titlar i denne sjangaren.

No lurer vi på om det er andre bibliotek i fylket som gjer liknande gode tiltak i all løyndom? Om så, send oss ein e-post så legg vi det ut på bloggen.