Lesegledarordninga er ny frå skuleåret 2015/2016. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek dekkjer honoraret for eit lesegledaroppdrag, medan oppdragsgjevar er ansvarleg for å dekkje reisa og kostgodtgjersle for lesegledarane, ev. ekstratid. Reiserekning vert sendt oppdragsgjevar i etterkant av oppdraget. Dersom vi får mange førespurnader, kan fylkesbiblioteket prioritere eit utval for å fordele ordninga på ulike målgrupper og regionar. Tal oppdrag vil vere avhengig både av økonomiske rammer og lesegledarane sin kapasitet i høve arbeidsoppgåver elles.

Alle lesegledarane er ulike og er sjølve ansvarlege for innhaldet i sitt opplegg. Kvar og ein legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar. Ei lesegledarøkt varer i ca. 45 minutt. Avtal oppdraget i god tid slik at lesegledaren kan førebu seg.

Lesegledarane har ulik erfaring og trening med lesestimulerande arbeid, ta vel imot dei!

Fyll ut skjemaet for å bestille ein lesegledar. Felta med raud stjerne * må fyllast ut.