Fyll ut skjemaet nedom for å bestille ein lesegledar. Felta med raud stjerne * må fyllast ut.
Ver obs på:
• Kvar oppdragsgjevar(bestillar) får som utgangspunkt dekkja honorar for eitt lesegledaroppdrag à 45 minutt per semester.
• Oppdragsgjevar er ansvarleg for å dekkje reisa og ev. kostgodtgjersle for lesegledaren. Reiserekning vert sendt oppdragsgjevar i etterkant av oppdraget.
• Oppdragsgjevar kan sjølv velje å dekkje fleire oppdrag/ekstra tid, men må då gjere avtale direkte med lesegledaren.
• Tal oppdrag vil vere avhengig både av økonomiske rammer, etterspurnad og lesegledaren sin kapasitet. Får vi mange førespurnader, kan fylkesbiblioteket prioritere eit utval for å fordele ordninga på ulike oppdragsgjevarar, målgrupper og regionar.
• Alle lesegledarane er ulike og er sjølve ansvarlege for innhaldet i sitt opplegg. Kvar og ein legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar. Avtal oppdraget i god tid slik at lesegledaren kan førebu seg.