Bestill ein lesegledar

Lesegledarordninga kom i gong skuleåret 2015/2016. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek dekkjer honoraret for eit lesegledaroppdrag, medan oppdragsgjevar er ansvarleg for å dekkje reisa og kostgodtgjersle for lesegledarane, ev. ekstratid. Reiserekning vert sendt oppdragsgjevar i etterkant av oppdraget. Dersom vi får mange førespurnader, kan fylkesbiblioteket prioritere eit utval for å fordele ordninga på ulike målgrupper og regionar. Tal oppdrag vil vere avhengig både av økonomiske rammer og lesegledarane sin kapasitet i høve arbeidsoppgåver elles.

Alle lesegledarane er ulike og er sjølve ansvarlege for innhaldet i sitt opplegg. Kvar og ein legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar. Ei lesegledarøkt varer i ca. 45 minutt. Avtal oppdraget i god tid slik at lesegledaren kan førebu seg.

Lesegledarane har ulik erfaring og trening med lesestimulerande arbeid, ta vel imot dei!

 

Fyll ut skjemaet for å bestille ein lesegledar. Felta med stjerne må fyllast ut.

Kva skule/bibliotek/barnehage/anna (Namn og adresse)

OBS! Vi tilrår ikkje over 30 elevar ved klassebesøk, eller over 15 barn ved lesestund i barnehage eller småskule. I slike tilfelle bør ein i staden vurdere fleire oppdrag.

Kva type arrangement er det? (foreldremøte, lesestund i biblioteket, presentasjon i klassen o.l.)
Er det eit spesielt tema, type bøker eller anna som er viktig at lesegledaren kjenner til, så er det lurt å nemne det her.

Med atterhald om at vedkomande har høve. Om du ikkje veit kven, kan feltet stå tomt.

Oppgi namn/tlf/epost slik at den aktuelle lesegledaren kan kontakte deg for å gjere nærare avtale.