Dei er full av humor og har noko heilt eige med seg. Bøkene er ideelle for mannfolk, men kvinnfolk elsker dei like mykje. Sjølv min betre halvdel som elles berre les om jakt, las heile "Harens år" og spurte etter meir.

I dag har eg tatt ei rask empirisk undersøking på nettet. Det ser ut til at mange bibliotek i fylket enno ikkje har investert i alle bøkene til Paasilinna. Mange har nokre få, nokon ingen. Kjøp dei dersom du har nokre kroner att og lånarane vil takke deg.

Eg trur faktisk også Paasilinna kan være noko for lånarane på evig jakt etter bygdebøker. Nokon som har prøvd?