Lesegledar fordi

Lesing og bøker har ført meg dit eg er i dag. Eg vil vise at gode leseopplevingar kan vere med på å forme identitet og utvikling. Eg vil vise veg til dei gode leseopplevingane!

Eg les gjerne

bente_elisabeth_lund-1024.jpg

Biletbøker, høgtlesingsbøker og ungdomsbøker, kanskje spesielt i fantasy-sjangeren.

Målgruppe

  • Vaksne (foreldremøte, personalmøte og andre arrangement som handlar om lesing og barnelitteratur)
  • Småskule (små grupper- ikkje meir enn 30 per gruppe)
  • Barnehageborn, førskuleborn

Område

Heile Sogn og Fjordane

Bakgrunn

Bibliotekrådgjevar med barne- og ungdomslitteratur som fagfelt, og med bakgrunn frå litteraturvitskap og bibliotekfag. Tilsett ved fylkesbiblioteket sidan 2009. Før det var eg ein rask tur innom Førde bibliotek som vikar. Har også rukke å vere innom to bokhandlarar, og ein periode på Platekompaniet den gongen det framleis var populært å eige musikk og film.

No brenn eg for å formidle god litteratur til born og unge, først og fremst gjennom dei vaksne som står born og unge nærast. Har sjølv to born på 5 og 8 år, som har fått lesing inn med morsmjølka og som stadig må finne seg i å vere testpersonar når mor kjem heim med nye bøker.
Lesegledar frå hausten 2015.

Bestill lesegledar!

< førre | neste >