Velkommen til barnelitterære fagdagar!

Som tidlegare år kombinerer vi den årlege presentasjonen av barne- og ungdomsbøker (IBBY) med eit seminar om lesing og barnelitteratur. I år samarbeider vi med  Ivar Aasen-tunet og Nynorsksenteret om prosjektet Klart vi les!, der eitt av elementa er eit seminar retta mot lærarar på 3.-7. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar og formidlarar.

Delta begge dagar eller vel det som høver. Program med atterhald om endringar. Last ned pogram (pdf) 

Påmeldingsskjema

Program

Torsdag 3. november: Klart vi les! - barnelitterær fagdag 

09.30     Registrering og morgonkaffi
10.00     Velkomen ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
               Morgonhøgtlesing ved Bente Bratlund
10.15     Den vesle nynorskbrukaren ved Nynorsksenteret
10.30     Tips til nynorskressursar på nett og brett ved Ivar Aasen-tunet
11.00     Pause
11.15     «Kva bok skal det vere i dag?» Nynorsksenteret presenterer bøker
               og leselystaksjonen Tid for ti
12.00     Lunsj
12.45     Lese i lag, lese åleine Eirik Lissner er lærar, forteljar og lærebokforfattar
               og fortel om ulike måtar å arbeide med skjønnlitteratur på i klasserommet,
               om felleslesing, rettleia lesing og munnleg attforteljing.
13.45     Pause
14.00     Eg spør, eg tør Forfattar Bente Bratlund om det å skrive for barn
14.45     Pause
15.00     Levande bøker ved lesegledar og formidlar Trond Strand
15.35     Utdeling av bokpremiar
15.45     Pause med litt å bite i
16.00     "Bokseljaren i klasserommet" - rett bok til rett lesar
                Norsklærarens erfaringar frå mellomsteget. Om å finne dei rette bøkene til
                gruppelesing og til enkeltelevar,
                ved Nina Masdal, lærar ved Slåtten skule
16.30     Fagleg program slutt første dag
16.35     Møte i Fagforum barne- og ungdomslitteratur Sogn og Fjordane
               (ope for alle interesserte)
17.15     Slutt

19.00     Lese lett og lese nynorsk - Førde bibliotek
               Litterært kveldsarrangement med forfattar og trubadur Atle Hansen på Førde
               bibliotek. Atle Hansen er best kjend som forfattar av ei rekkje spennande og
               lettlesne bøker for barn og ungdom. Denne kvelden les og fortel han om
               bøkene sine, og vi får og eit møte med musikaren Atle Hansen!
               Billett kr 150,- kan kjøpast i døra eller bestillast på nett. Enkel servering.
 

Fredag 4. november: IBBY - presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker 

09.30     Registrering
10.00     Presentasjon av biletbøker ved Anne Schäffer, kritikar som særleg arbeider med
               biletbøker og illustrasjonar i barnebøker.
11.00     Pause
11.15     Presentasjon av barnebøker ved Gjertrud Øvland, barne- og ungdomsbibliotekar
               på Stovner bibliotek. Gjertrud er tidligare noregmeister i formidling, og arbeider
               tett på barn og unge i kvardagen.
12.15     Lunsj
13.00     Presentasjon av faktabøker ved Gjertrud Øvland
14.00     Pause
14.15     Presentasjon av ungdomsbøker ved Agnethe Gulbraar, formidlar og
               ungdomsbibliotekar ved Oppegård bibliotek.
               Agnethe har lang erfaring med formidling for elevar på alle trinn i grunnskulen.
15.15     Slutt


Prisar

Barnelitterær fagdag 3.11.: 450 kr., inkludert lunsj

Ibby, 4.11.: 500 kr. for heile dagen (inkl. lunsj), eller 150 kr. pr. programpost og 150 kr. for lunsj

Litterær kveldsarrangementet: 150 kr., billett kjøpast Førdehuset.


Reise og overnatting

Deltakarane sørgjer for reise og ev. overnatting sjølve.
Vi har reservert nokre rom på Scandic Sunnfjord hotell, desse blir halde av inntil 20. oktober. Desse må bestillast ved å oppgje kode "Fylkesbiblioteket" for å få avtalepris kr. 1081 (Ein kan også bestille til avtalepris etter denne datoen, men då kan vi ikkje garantere at det er ledig).
Andre overnattingsmoglegheiter i Førde er Thon Hotel Førde og Førde pensjonat.

Påmeldingsskjema