Velkommen til Barnelitterære fagdagar i Førde 28. og 29. oktober! Konferansen er for alle som arbeider med språkstimulering, leseutvikling og litteraturformidling for barn og ungdom.

Første dag byr på fleire foredragshaldarar som deler kunnskap og erfaringar om formidling av barne- og ungdomslitteratur. Dagen etter vert det lynpresentasjonar av årets beste og verste(!) barne- og ungdomsbøker utgitte det siste året.

Forfattar og litteraturkritikar Guri Fjeldberg, høgskulelektor Silje Hærnes Linhart og dei tre dyktige formidlarane frå IBBY-Norge er mellom dei mange føredragshaldarane på konferansen. I tillegg vil det vere utstilling av barne- og ungdomsbøker på nynorsk.

På kveldstid kl. 19.30 onsdagen inviterer vi til Litterær salong på Førde bibliotek med fleire spennande gjestar.

Omtale: To av haustens bokaktuelle og mest spennande og kritikarroste kvinnelege forfattarar kjem til Litterær salong i Førdehuset; Marit Eikemo og Kjersti Rorgemoen. Begge skriv med stort overskot, humor og klar signatur om det moderne kvinnelivet. Om korleis vi lever på latterleg avstand frå det livet vi drøymer om. 

 

Delta begge dagar eller vel det som høver. Program med atterhald om endringar.

Påmelding

Program

Onsdag 28. oktober
11.30       Registrering og lunsj
12.30       Velkommen
12.35       Kvalitet i barne- og ungdomslitteraturen. Erfaringar frå prosjektet
                “De beste barne- og ungdomsbøkene fra 2005 til 2015” ved forfattar og litteraturkritikar Guri Fjeldberg
13.30       Pause
13.40       Kva kjenneteiknar den gode litteraturformidlingafor barn og unge? Ved Silje H. Linhart, høgskulelektor ved HiOA
14.40       Pause
14.50       Biblioteket som verktøy i skuleutviklinga, ved fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen
15.15       Kommunal leseplan og oppvekstbibliotek i Luster, ved oppvekstsjef Knut Åge Teigen
15.45       Pause
16-16.45  Møt dei nynorske lesegledarane i Sogn og Fjordane!

17-17.30  Møte i Fagforum for barne- og ungdomslitteratur

19.30       Litterær salong på Førde bibliotek 


Torsdag 29. oktober

09.15       Registrering
09.40       Velkommen
09.45       Presentasjon av biletbøker, ved illustratør og forfattar Hilde Hodnefjeld
10.45       Pause
11.00       Presentasjon av barnebøker, ved forfattar og omsetjar Lise Männikkö
12.00       Lunsj
12.45       Presentasjon av faktabøker, ved Lise Männikkö
13.45       Pause
14.00       Presentasjon av ungdomsbøker, ved skribent og manuskonsulent Hilde Mugaasca.
15.00       Slutt

Programmet er delt inn i fire seksjonar. Du kan deltapå alle presentasjonane, eller velje det som passar.

Programblad Barnelitterære fagdagar med IBBY (pdf)

Prisar:

Heile konferansen kr. 1100 (inkl. lunsjbuffé begge dagar) 
Eventuell hotellovernatting kjem utanom.

Dag 1 kr. 500 (inkl. lunsjbuffé) 
Dag 2 fullt program kr. 600 (inkl. lunsjbuffé), eller kr. 150 per presentasjon.

Deltakarane må sørgje for reise og ev. overnatting sjølve. Vi har reservert rom på Scandic Sunnfjord hotel, ved bestilling oppgi konferansekode "Fylkesbiblioteket" for å få avtalepris kr. 1035.

Billett til kveldsarrangementet Litterær salong på Førde bibliotek kr. 100. Billett må kjøpast i døra.

Påmelding

Leseglede av Ringsaker bibliotek [CC 2.0 lisens]
Leseglede av Ringsaker bibliotek [CC 2.0 lisens]