Fagdagane er ferdige for i år, takk til alle som deltok!
I programmet nedom har vi lagt inn presentasjonar frå føredragshaldarane.
Vi tek gjerne i mot vurderinga di av årets fagdagar, gå til evalueringsskjemaet her.
Leselyst og lesing i fagfornyinga er tema på fagdagen 30. oktober. Korleis kan vi skape leselyst hos unge? Kva verktøy har vi, og korleis kan vi bruke dei i klasserom og i bibliotek? Første dag vil særleg omhandle litteraturformidling for barn i alderen 5.-10. trinn, medan dag to er via den velkjende IBBY-presentasjon som tek heile aldersspennet frå barnehage til ungdom. Fagdagen er for bibliotekarar, lærarar, formidlarar og andre som brukar bøker og driv litteraturformidling for barn og unge.
Onsdag 30. oktober |
|
frå 10.00 | Registrering og morgonkaffi |
10.30 | Velkomen, Saman om lesing, ved fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek |
10.45 | Lesing i fagfornyinga, ved Elisabeth Grimstad, spesialpedagog og leserettleiar ved Hammer skole i Lørenskog kommune Kva har fagfornyinga å seie for lesing i skulen? Korleis kan lesing endre seg, er det ikkje berre å halde fram som før? Elisabeth Grimstad frå Lørenskog kommune kjem for å snakke om moglegheitene som ligg i fagfornyinga, med konkrete eksempel frå klasserommet. |
11.30 | Lunsj |
12.30 | Boka er eit verktøy!, ved forfattar Michael Stilson Med debutboka Bare spille ball fekk Michael Stilson Uprisen i fjor, der ungdom sjølv kårar årets beste ungdomsbok. I tillegg til å vere forfattar, er Stilson utdanna lærar og har tidlegare vore profesjonell fotballspelar. Stilson meiner skjønnlitteratur og lesing kan vere eit viktig verktøy for å utvikle eit eige indre språk for å takle motgang, og han er lidenskapeleg opptatt av å inspirere fleire til å lese. Høyr han fortelje om korleis motivere dei unge til å lese bøker. |
13.15 | Pause |
13.25 | Litteratur og mangfald i klasserommet, ved Andrea Strømmen, lærar med mastergrad i barne- og ungdomslitteratur ved Høgskulen på Vestlandet Kva moglegheiter har ein med dagens litteratur, i ein stadig meir mangfaldig skule? Kva bøker skal vi bruke, og korleis kan vi ta dei i bruk? Andrea Strømmen har inngåande kjennskap til barnebokfeltet og erfaring med korleis boka kan brukast i undervisninga. Her er det mykje å hente for både lærarar og bibliotekarar. |
14.40 | Pause med litt å bite i |
15.00 | Ein lærande skule - eit levande bibliotek, ved Hilde Sjølset, bibliotekar og formidlar ved Oppegård folkebibliotek Oppegård har lenge hatt eit godt samarbeid med skulane i kommunen, og Hilde Sjølset, bibliotekar og formidlar ved Oppegård folkebibliotek, fortel om korleis samarbeidet har vore og kva det kan bli. |
15.45 | Pause |
16.00 | Bok på 1-2-3! ved Liv Astrid Skåre Langnes, høgskulelektor ved Nynorsksenteret I samband med Bokåret 2019 samarbeider Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet om å lage gratis undervisingsopplegg til utvalde nynorske barnebøker. Kvar månad har det kome nye opplegg. Målet er å gjere det lett for lærarane å ta i bruk bøkene i klasserommet. Liv Astrid Skåre Langnes vil fortelje om prosjektet og presentere nokre av bøkene og opplegga som er laga i løpet av Bokåret 2019 |
ca. 17.00 | Fagleg program slutt første dag |
Torsdag 31. oktober: IBBY - presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker |
|
09.45 | Frammøte og registrering |
10.00 | Presentasjon av ungdomsbøker, ved Ragnhild Malfang, biblioteksjef i Sørum kommune Ragnhild har tidlegare jobba som skulebibliotekar, barne- og ungdomsbibliotekar og er no biblioteksjef i Sørum kommune. Ho har lese sidan ho klarde å få ut bøker av bokhylla, og brenn for litteratur og formidling. Ho er bidragsytar i boka Les meg - handbok i litteraturformidling. |
11.00 | Pause |
11.15 | Presentasjon av fagbøker for barn og ungdom, ved Ragnhild Malfang, biblioteksjef i Sørum kommune |
12.15 | Lunsj |
13.15 | Presentasjon av barnebøker, ved Ragnhild Malfang, biblioteksjef i Sørum kommune |
14.15 | Pause |
14.30 | Presentasjon av biletbøker, ved Nina Nordal Rønne, illustratør og forfattar Nina er illustratør og forfattar med bakgrunn i animasjon frå høgskulen i Volda, og ein cand. mag i idéhistorie med medium og kommunikasjon frå Universitetet i Oslo. I 2014 debuterte ho med biletboka Tiloversmari, og i 2017 kom ho med si andre biletbok Grå (Magikon forlag). Nina har i tillegg fleire års arbeidserfaring frå bokhandel. |
15.30 | Slutt |