– Å vere språkleg trygg er ein viktig ballast i kvardagen, difor er ein slik konferanse  viktig for fylket vårt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Ho opna den litterære formidlingskonferansen 12. november, som set fokus på den nynorske barnelesaren.

Forfattar Bjørn Sortland, professor Øystein Vangsnes og mangeårig medlem av kulturdepartementet sin jury for barnebokprisar, Anne-Stefi Teigland, var mellom dei mange føredragshaldarane på seminaret. I tillegg fylte fleire forlag opp konferanseområdet med eit bognande barneboktorg av barne- og ungdomsbøker på nynorsk.

På kveldstid var det Litterær salong med Finn Tokvam sitt nyetablerte talkshow ”Folk & Finn”. Ragnar Hovland, Bjørn Sortland og musikar Annlaug Børsheim var gjestar. Kvelden vart avrunda med boknatt på Pikant-loftet.

Sjå fullt program for Barnelitterær formidlingsfest (pdf)


Presentasjonar frå konferansen:

Øystein Vangsnes "Språkleikande born. Frå munnleg til skriftleg språkveksling"