Onsdag 12. november feirar nynorskbyen Førde den nynorske barne- og ungdomslitteraturen. Velkommen til litterær formidlingsfest i Førde, med eit program som vil løfte deg ut av kvardagen, inn i bøkene - der det fantastiske kan skje!

Forfattar Bjørn Sortland, professor Øystein Vangsnes og mangeårig medlem av kulturdepartementet sin jury for barnebokprisar, Anne-Stefi Teigland, er mellom dei mange føredragshaldarane på seminaret. I tillegg vil fleire forlag fylle opp konferanseområdet med eit bognande barneboktorg av barne- og ungdomsbøker på nynorsk.

På kveldstid inviterer vi til Litterær salong! Finn Tokvam har i sitt nyetablerte talkshow ”Folk & Finn” mellom anna Ragnar Hovland som gjest! Sjå nærare omtale i programbladet som er vedlagt og meld deg på i dag!

Heile programmet for barnelitterær formidlingsfest

OBS! Ikkje gå glipp av IBBY dagen etter med presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker. Bli med på nok ein nyttig og inspirerande dag, for alle som arbeider med språkstimulering, leseutvikling og leseglede for barn og ungdom. Trykk her for meir informasjon om program og pris for IBBY-presentasjon 13. november.

 

Presentasjonar frå konferansen:
Øystein Vangsnes "Språkleikande born. Frå munnleg til skriftleg språkveksling"

framside programblad barnelitteraer formidlingsfest  12. 11. 14
bakside programblad barnelitteraer formidlingsfest  12. 11. 14