Fylkesbiblioteket har som mål å medverke til auka leselyst og -dugleik, særleg hos barn og unge.

For å nå denne målsettinga har vi fleire prosjekt og kurs som omhandlar littteraturformidling og lesestimulering. Vi samarbeider om forfattarturnear og er med på å koordinere både regionale og nasjonale leseprosjekt som t.d. "Uprisen" og samarbeidsprosjektet "Lesarhistoria - ny veg til lesaren".

Vi gir også råd til kommunar om bibliotektenester for barn og unge og informerer om tiltak som kan føre til meir leselyst. I tillegg til å vere eit ressurssenter for biblioteka i fylket, tilbyr vi også tenester for lærarar og skulebibliotekarar. Døme på slike tenester er Lesegledarordninga, utlån av klassesett og IBBY - presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker. 

Ta gjerne kontakt med Astrid S. Moe på epost eller tlf. 57 63 79 53 om våre tilbod til barn og unge. Vi hjelper deg gjerne!