Eg skreiv i går i bloggen om dikt av færøyingen Nielsen omsett til norsk. Ei lesargransking i 2006, faktisk den første på Færøyane (om lag 50000 innbyggarar), blant 788 skuleelevar frå 4.-10.klasse avslørte at Bibelen faktisk er populær lesing blant barn og unge.

Bibelen er "en av de bedste bøger" eg har lese. Dette sitatet frå ein deltakar i lesarstudien illusterer den uvanleg sterke posisjonen Bibelen har på øyriket. Det fortel lærar Solveig Debress. Ho presenterte lesarundersøkinga på Den Nordiske Barne- og Ungdomslitteraturkonferansen i Stavanger denne veka.  

- Religionen har mykje og seie i det færøyske samfunnet, forklarar Solveig om den høge skåren for dei religiøse tekstane i granskinga. 16 prosent av 4.-7.klassingane og 21 prosent av 8.-10.klassingane meiner at Bibelen er av dei beste bøkene dei har lese. Skal tru kva ungdomar her i landet har og seie om denne boka?

Lesarundersøkinga viser at Tolkien og Rowling saman med Kaaberbøl og Nilsson-Brännström er dei aller mest populære forfattarane. Dette er namn vi kjenner att.

Dei færøyske barna og ungdomane les færre bøker enn same målgruppe i dei nordiske landa, opplyser Solveig Debress.