Bibliotekinformasjon til asylsøkjarane i Sogndal
Av Signe Witsø, biblioteksjef ved Sogndal bibliotek Sogndal bibliotek tok for nokre veker sidan kontakt med Sogndal statlege mottak for å få i stand informasjonsmøte på biblioteket. Bakgrunnen for initiativet vårt var at vi såg at det var komne mange nye asylsøkjarar til Sogndal etter nyttår og at mange av desse ikkje snakka eit språk vi kunne kommunisera med dei på. Mange av dei kom til biblioteket, spesielt for å nytta internett.  info_mottaket1_sogndal.jpg Dei tilsette på Sogndal statlege mottak var svært velvillige og interesserte i opplegget vårt og delte asylsøkjarane opp i dei same gruppene som dei nytta i høve sine møte med dei. Dei ordna òg opp med at vi fekk nytta dei same tolkane over telefon som dei nyttar (russisk og somali). Vi hadde då 7 forskjellige grupper før og etter biblioteket si opningstid og orienterte dei om kva biblioteket kan tilby og samtidig kva vi forventar av dei. Dei viktigaste tinga biblioteket kan hjelpa asylsøkarane med er innlån av bøker på deira eige språk, språkkurs for å læra seg norsk, ordbøker på dei ulike språka, lettleste norske bøker og lydbøker med. Vi fekk og høve til å syna dei ressursar på internett både i høve språkopplæring og dei mange ulike spørsmål dei sit med om det norske samfunnet. Dette vart eit positivt møte både for dei tilsette på biblioteket og for dei inviterte, etter dei tilbakemeldingane vi har fått.