Kristine Norberg i Flora folkebibliotekFylkesbiblioteket har engasjert Kristine A. Nordberg frå Glød produksjonar til å gi råd om tilrettelegging av biblioteklokala for arrangement. Ho har tidlegare reist rundt i Agderfylka og hjelpt dei med å utvikle bibliotekromma, med gode erfaringar.

Norberg vil besøke til saman 10 bibliotek fordelt på to veker vinteren 2017. På kvart bibliotek vil ein prate generelt om det å arrangere og jobbe med arrangement. Så vil ein gå stadsspesifikt til verks, og sjå konkret på biblioteklokala - korleis fungerer desse i dag, og korleis kan ein tilpasse dei best mogeleg til ulike typar arrangement. Bruk av ulike delar av lokalet, flytting av hyller, praktiske løysingar for lys- og lydskjerming vil m.a. vere tema.

I mars blir desse biblioteka besøkt:

  • Årdal bibliotek (6.mars) 
  • Stryn bibliotek (7. mars)
  • Gloppen folkebibliotek (8. mars)
  • Høyanger bibliotek (9. mars)
  • Hyllestad bibliotek (10. mars)

Kontaktperson fylkesbiblioteket: Anja Angelskår Mjelde