Velkomen til arbeidsseminar på Ciderhuset i Balestrand torsdag 11. juni for alle som ønskjer å bli lesegledarar! Interplan v/Gard Eitungjerde Høyvik og Eli Grete Høyvik vil stå for det faglige innhaldet. Dei har begge omfattande erfaring med formidling for ulike målgrupper.

Det vert litt teori, men mest vekt på praktisk formidling. Deltakarane vil få tilsendt noko formidlingsteori på førehand til hjelp i førebuinga. Dette kjem på epost til dei som melder seg på innan 1. juni.

Vi ber deltakarane førebu ei lita formidlingsøkt på inntil 7 minutt. Til denne økta vil vi invitere med tilhøyrarar frå skule eller barnehage.

Det vert også tid til drøfting av lesegledarrolla og korleis vi legg opp arbeidet vidare (koordinering av oppdrag, honorar, reisegodtgjersle). Lesegledarane er (heldigvis!) ulike, og det vil vi ta omsyn til i den vidare planlegginga.

Oppgåve:
Vel ei nynorsk barne- eller ungdomsbok du vil formidle på arbeidsseminaret. Målgruppa kan vere mindre born, ungdom, eller vaksne som skal formidle den vidare. Førebu ei formidlingsøkt som varer i minst fem, maks sju minutt. Målet er at lyttarane skal få lyst til å lese boka sjølv.

 

Sjå nærare skildring om kva det vil seie å vere lesegledar i brosjyren nedanfor.