Å vere på nett er nødvendig i våre dagar for å supplere det fysiske biblioteket og for å kunne tilby betre bibliotekservice. Men det held ikkje berre å ha ei nettside. Skal biblioteket framstå attraktivt, aktuelt og tilgjengeleg, må ein ha fokus på å gje brukaren eit positivt møte også digitalt. I arbeidsmøtet vil vi setje fokus på dette og saman sjå på korleis biblioteket bør jobbe med nettsidene sine. Saman jobbar vi mot å betre kommunikasjonen på nett, og styrke kompetansen og forståinga for korleis nettsidene kan utviklast for å gi betre tenester til innbyggjarane.

Møtet har tre delar:
Del 1 – Kvifor treng biblioteka å vere på nett
Del 2 – Kva er ei god bibliotekside
Del 3 – Korleis få gode sider – vegen vidare