Fylkesbiblioteket inviterer regionane til arbeidsmøte om biblioteka på nett. Bakgrunnen er ei kartlegging av biblioteka sine nettsider som syner tydeleg behov for eit løft hjå mange.

Å vere på nett er nødvendig i våre dagar for å supplere det fysiske biblioteket og kunne tilby betre bibliotekservice. Men det held ikkje berre å ha ei nettside. Skal biblioteket framstå attraktivt, aktuelt og tilgjengeleg, må ein ha fokus på å gje brukaren eit positivt møte også digitalt. I arbeidsmøtet vil vi setje fokus på dette og saman sjå på korleis biblioteket bør jobbe med nettsidene sine. Saman jobbar vi mot å betre kommunikasjonen på nett, og styrke kompetansen og forståinga for korleis nettsidene kan utviklast for å gi betre tenester til innbyggjarane.

Første arbeidsmøte vert for indre Sunnfjord. 

Program:
kl.10.00
Del 1 – Kvifor treng biblioteka å vere på nett

kl. 11.00
Del 2 – Kva er ei god bibliotekside

kl. 11.30
Lunsj

kl. 12.00
Framhald del 2

kl 13.15
Del 3  – Korleis få gode sider – vegen vidare

Pausar etter behov.