Lesegledar fordi

Eg vil få ungdom til å lese meir, og spesielt vil eg prøve å lokke frampå dei som definerer seg sjølve som ikkje-lesarar. Eg håper å vise dei at det kan vere deilig å rømme inn i ei forteljing for få ein pause. Dessutan: Dess eldre ein vert som skuleelev, dess lettare vert det å lære alle fag om ein er god til å lese.

Eg likar også å lese for born. Det er stas å bli lesen for. Som lesarar er vi forbilde for dei som ikkje kan lese. Ei lesestund blir eit triveleg fellesskap her og no, ei god oppleving med låg terskel.

anne_kari_faleide-1024.jpg

Eg les gjerne

Eg likar fantasy, historiske forteljingar, biografiar og krim. Eg kan eigentleg lese det meste. Eg les også gjerne bøker om venskap og det å verte støtt ut sosialt. (Eksempel: Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl.)

Målgruppe

Eg vil gjerne lese for ungdommar og unge vaksne. Kan og tipse om ungdomsbøker for vaksne.

Område

Eg reiser gjerne til heile Sogn og Fjordane

Bakgrunn

Skulebibliotekar på Hafstad vidaregåande skule og konsulent på Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Lesegledar frå hausten 2015.

Bestill lesegledar!

< førre | neste >