Biblioteka er kanskje den kulturarenaen som er mest nytta av flyktningar og innvandrarar, og det er nettopp biblioteket som inkluderande møteplass som er tema for Amal Adens foredrag 2. april kl. 10:30 på Førde bibliotek.

Det er Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Førde bibliotek som står bak kulturkaféen på biblioteket i Førdehuset med Amal Aden som foredragshaldar. Aden er forfattar og ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Ho er fødd i Nord-Somalia i 1983 og kom til Norge som 13-åring etter å ha levd som gatebarn i fleire år.

Det er gratis inngang, men dei som ynskjer lunsj (kr. 150,-) må melde seg på foredraget innan 18. mars. Gå til påmeldingsskjema.

For Aden vart biblioteket svært viktig:

«Jeg kjente på bøkene. Bladde i dem. Luktet på dem. Så uendelig mange bøker. Jeg hadde aldri sett så mange bøker før. Det var overveldende. Jeg kunne verken lese eller skrive, men synet av alle bøkene gjorde meg nysgjerrig. Det var litteraturen som reddet meg. Biblioteket ble mitt fristed».

 

Få også med deg Kulturkonferansen fredag 1. april:

Konferansen byrjar kl. 09:00 med felles foredrag med m.a. Norsk kulturråd som snakkar om kvalitet i kulturen. Klokka 14.00-17.00 er det parallell-seminar, og særleg seminaret: To viktige møteplassar for inkludering – bibliotek og musikk (seminar 2) vil vere spesielt interessant for bibliotektilsette. Her vil biblioteksjef i Odda kommune, Else Marie Sandal, fortelje om prosjektet Lån ein odding. Anne Berit Lillegraven Helland, spesialbibliotekar for fleirspråklege tenester ved Bergen offentlige bibliotek, vil snakke om folkebiblioteket som integreringsarena. I tillegg til fleire aktuelle føredrag.

Konferansen er på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Ein vel sjølv om ein vil delta på full konferanse både fredag og laurdag, eller vere med på delar av programmet.

Meir informasjon om Kulturkonferansen og påmelding finn du her.