Med eit forpliktande biblioteksamarbeid har dei tre kommunane fått til fleire felles tiltak i 2011. Samarbeidet har fungert godt, og skal difor vidareførast i 2012. Målet er mellom anna å setja fokus på folkebiblioteka sitt formidlings- og samfunnsansvar i høve til utviklingshemma i kommunane.

Prosjektet vert grundig dokumentert på ei eiga heimeside, og kan vere til nytte og inspirasjon for fleire. Les prosjektomtalen og meir om prosjektet på http://www.mevilogveramed.no.

I samband med prosjektet vart det i oktober og november arrangert kurs med Ragna B. Langlo om formidling av bøker for utviklingshemma. Tilsette frå både skule, barnehage, bufellesskap og biblioteket deltok. Langlo delte erfaringar ho har gjort gjennom arbeid, interesseorganisasjonsarbeid og som mor til ein utviklingshemma son.

Presentasjonen er lagt ut på Slideshare og er dermed tilgjengeleg for alle, sjå den her.