Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bokbåten Epos på hausttur

No er bokbåten klar til ein ny rundtur i Sogn og Fjordane. Nytt stopp i haust er Høyvik på Atløy i Askvoll kommune. I tillegg til at det er mange fine bøker ombord, vert det dramatisering av boka "Heksagon og skyggene" av og med Christin Grilstad Prøis. Alle er velkomne ombord!

Regnvåte tekstar - med lun eplekake til

Torsdag 11. oktober kl. 19.00 inviterer bibliotekarane til haustkveld med Hauge og Hovland og Hatløy og Hjeltnes! Høgtlesing på biblioteket i Trivselshagen - frå desse fire vestlandsforfattarane og fire andre. Bli med på ei reise gjennom regnvåte tekstar - som startar i New York og Lofoten.

Gratis inngang. Kaffi & eplekake kr. 30,-

Danselaurdag i biblioteket!

27. oktober vert det danselaurdag i biblioteket. Frå kl. 11-13 kan du vere med å lære ein dans av Silje frå danseverkstaden. Det vert mykje dans og moro, så dette vil du ikkje gå glipp av!

Bokkafé med temaet vandrehistorier

Vi tenner levande lys og lyttar til dyktige forteljarstemmer med Finn Skare, Asbjørg og Kristen Ormberg. Her er også rom for å dele eigne vandrehistorier.

Vel møtt til skumringskveld på Luster bibliotek onsdag 7. november kl. 19. Lett servering og gratis inngang. Velkommen!

Krydderurter og kaffi

Eit føredrag om dyrking og hushaldning av Olav Stølen laurdag 6. oktober kl. 14 på Luster bibliotek. Lett servering og gratis inngang. Velkommen!