Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Møt Knut Jørgen Røed Ødegaard og Anne Mette Sannes på biblioteket!

Tysdag 13.november kl 18.00-19.00 vil Knut Jørgen Røed Ødegaard og Anne Mette Sannes signere bøker på biblioteket.

I juni 2012 kom paret med thrilleren «Apollomannen» - første bok i science fiction-trilogien «Ad Astra», som skildrar framtidas ferd til nabosolsystemet vårt Proxima Centauri.
Kl. 20.00 blir det Astroshow - AD Astra 222: Sannes & Ødegaard Astroshow i Storsalen i Førdehuset!

Torbjørn Færøvik presenterer den nye boka si "Maos rike"

Færøvik har hovudfag i historie. Han har tidlegare arbeidd som utanriksmedarbeidar i NTB, som journalist i Arbeiderbladet og i NRK. Han er kjend som forfattar av ei rekkje bøker om Asia, m.a. "Drømmen om Asia", India - stevnemøte med skjebnen", "Veien til Xanadu". "Kina - en reise på livets elv", "Buddhas barn" og "Midtens rike"

Bokkafé for vaksne

Det er klart for ein ny time med prat om bøker og forfattarar. Om nokon ønskjer å fortelja om noko dei har lese, er de velkomne til det. Det vert servert kaffe/te med noko attåt. Velkomen!