Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Siv Hatlem

Lesegledar fordi:
Eg er opptatt av å formidle bøker for å inspirere andre til lesing. For lesing gir så mykje! Det er jo ein av dei viktigaste basiskunnskapane for all vidare læring. Men vel så mykje handlar det om å utforske andre verder, å kople av, men samtidig kople på.

Trond Strand

Lesegledar fordi:
Bøker er viktige for den nynorske identiteten, og det er viktig at folk får gode opplevingar med dei. Dessutan likar eg å vere i rampelyset.

Hilde Brotangen Helleland

Lesegledar fordi:
Det er viktig for meg at born får oppleve leseglede. Det gir ein flott kontakt, som kan opne nye verder for barnet. Eg håper å inspirere dei til å ville lese sjølve.

Olaug A. Haugen

Lesegledar fordi:
Eg er ein bibliotekar på vel femti, glad i å lese, glad i å skrive, glad i det nynorske målet mitt. Eg vil gjerne formidle nynorske bøker, eg ser det som viktig at born og unge vert glade i å lese bøker, særleg på si eiga målform.

Hege Lothe

Lesegledar fordi:
Eg har vore med å lage fleire kampanjar for nynorsk i barnehagane, med artige slagord som: ”Den fyrste song eg høyre fekk, var Hit me baby one more time!” og ”Gjennom ord blir verda stor”.

I dette arbeidet har eg blitt klar over kor viktig nynorsk lesing og nynorsk litteratur er for at borna som veks opp med nynorsk hovudmål skal verte både trygge og gode nynorskbrukarar: Så trygge at dei held fast med nynorsken, sjølv i alle dei situasjonane der dei vil oppdage at dei er i eit mindretal.