Nasjonalbiblioteket delte ut til saman 16 millioner kroner til 56 bibliotekprosjekt over heile landet. Tre av desse prosjekta er altså i Sogn og Fjordane.

Førde bibliotek har fått 300 000 til prosjektet «Leseløft for nynorsklitteraturen». Gloppen blir tildelt 100 000 til prosjektet «Er det ingen dikt om flyndre i den boka?», ei vidareutvikling av fylkesbibliotekets prosjekt «Lesarhistoria - ny veg til lesaren». 400 000 går til vidareføring av prosjektet Nynorske turbibliotek, som er i regi av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.

Målet er at midlane skal bidra og stimulere til utvikling av nye bibliotektenester, formidling av bibliotekas innhald og utprøving av nye samarbeidsformer. I strategiperioden 2015-2018 har Regjeringa gjennom Nasjonalbiblioteket gitt til saman 80 millionar kroner til utviklingsprosjekt i biblioteka. 

– Vi er svært glad for at biblioteka nytter seg av moglegheitene desse midlane gir dei til å utvikle nye tilbod til publikum, ikkje minst for barn og unge. På denne måten rustar biblioteka seg for framtida, seier kulturminister Trine Skei Grande på Nasjonalbiblioteket sine heimesider.

Her er oversikt over prosjekt som har fått tildelt midlar