Midlane skal brukast til å utvikle biblioteka som arrangørar og formidlingsinstitusjonar, både ved fysisk tilrettelegging av lokala og ved støtte til arrangement.

Totalt er det 13 søknader frå fylket som blei tilgodesett i denne runden, og sidan det står fleire samarbeidande bibliotek bak nokre av søknadene, er det ganske mange som vil få glede av desse midlane.

På Nasjonalbibliotekets nettsider finn ein heile lista over tildelingar.