– Gjennom Nasjonal bibliotekstrategi vil vi satse på å utvikle folkebiblioteka som møteplassar, kulturinstitusjonar og arenaer for samtale og debatt, læring og demokrati. Det er imponerande å sjå alt ein har fått til av arenautvikling i folkebibliotek over heile landet. Vi ser allereie fantastiske resultat i form av rekordbesøk og eit høgt aktivitetsnivå, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland på nasjonalbiblioteket sine heimesider.

Sidan 2014 har Nasjonalbiblioteket tildelt over 70 millionar kroner til utvikling av folkebiblioteka. Meir enn to tredelar av kommunane i landet – til saman 335 – har motteke middel i løpet av desse åra. Dei tildelte midla er finansiert av speleoverskotet frå Norsk Tipping.

Her er kommunane som har fått tildelt stønad.