Stadige krav om omstilling, kompetanseheving og fornying av tenestetilbod for å kunne halde tritt med utviklinga elles i samfunnet set bibliotek med avgrensa ressursar i ein utfordrande posisjon. Deling av kunnskap, utvikling av kompetanse og eit regionalt, samarbeidande bibliotekmiljø vil vere avgjerande for å klare å henge med.

Med prosjektet «Saman for framtida», ønskjer vi å utreie og leggje til rette for samarbeid mellom biblioteka i fylket for å betre tilhøva for utviklingsmoglegheiter. Prosjektet er direkte forankra i fleire av strategiane i fylkets strategiske plan for bibliotekutvikling.

Les om prosjektet og kva tiltak som er tenkt her.