Tilskot skal bidra til at skulebiblioteka:

  • blir ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag
  • brukast i opplæringa, og bidreg til å nå måla i Kunnskapsløftet
  • legg til rette for lesing og vurdering av trykte, digitale og samansette tekster
  • er ein integrert og varig del av skulens pedagogiske verksemd
  • er ein inkluderande arena som tek omsyn til barn og unges ulike føresetnader og behov
  • er innovative og framtidsretta

I tillegg ønskjer Utdanningsdirektoratet at midlane skal bidra til å auke lærarars kompetanse i pedagogisk bruk av skulebiblioteka og styrke samarbeidet mellom skulebibliotek og folkebibliotek.

For å lese meir om utlysninga, sjå Utdanningsdirektoratets utlysningstekst.